Tilskot til innovativ bruk av tre

Bruk av fornybart materiale frå skog kan bidra til reduksjon i klimagassutslepp. Innovasjon Noreg finansierer utviklingsprosjekt i bedrifter med smarte løysingar for bruk av tre.


Innovasjon Noreg kan støtte alle bedrifter som arbeider for å auke bruken av tre. Spesielt søkjer dei produksjonsbedrifter innanfor byggjesektoren.

Kva kan Innovasjon Noreg finansiere?

Bedrifta di kan få tilskot til delvis dekning av kostnader i eit utviklingsprosjekt som bideg til auka industrialisering:

  • Produktutvikling: Uttesting, utvikling og dokumentasjon av treprodukt.
  • Prosessutvikling: Kompetanseoppbygging og gjennomføring av industrialisering og effektiviseringstiltak i produksjon.
  • Bedriftsutvikling: Vidareutvikling av forretningsplan, spesifikk kompetanseutvikling, innhenting av internasjonal kunnskap, og samarbeidstiltak mellom produksjonsbedrifter.
  • Moglegheitsstudie for uttesting av industrialiserbare byggkonsept: Kartlegging av kunnskap, behovsanalyse for vedtaksgrunnlag.

 

Innovasjon Noreg om tilskot til innovativ bruk av tre

Åpne kontaktskjema