Mentorteneste for gründerar

Ønskjer du strategisk rettleiing og personleg oppfølging av bedrifta di over tid? Mentortenesta er eit tilbod til deg som er dagleg leiar i ei gründerbedrift. Innovasjon Noreg set deg i kontakt med erfarne personar i næringslivet og finn ein mentor som passar bedrifta di.


Har du ambisjonar om langsiktig vekst ut over den lokale marknaden? Er bedrifta di samstundes i bedriftsutviklingsfasen eller på veg ut i marknaden og er basert på ein unik forretningsidé? Då er du i målgruppa.

Få ein mentor frå næringslivet

Mange gründerar har behov for kunnskap om det å drive eiga verksemd, forretningsutvikling og moglegheiter i marknaden. Gjennom mentortenesta får du sparringpartnar på strategisk nivå og oppfølging som kan vere avgjerande for om bedrifta di lukkast.

Dette får du tilbod om:

  • Samtale for å finne mentor tilpassa behovet ditt
  • Ein-til-ein-samtalar med ein mentor over ein periode på 2 til 12 månader.
  • Innovasjon Noreg dekkjer kostnadene knytte til mentorrettleiing på inntil 30 timar.

Innovasjon Noreg om mentortenesten for gründere

 

Åpne kontaktskjema