Topografi, spreidd busetnad og klima gjer avisdistribusjon kostnadskrevjande i Finnmark. For å lette på dei økonomiske ekstrabyrdene desse avisene har, innvilgar Medietilsynet eit eige distribusjonstilskot til aviser i dette fylket.
Aviser i Finnmark kan søkje distribusjonstilskot i tillegg til produksjonsstønaden. Stønaden blir fastsett ut i frå mengda dokumenterte distribuerte eksemplar.