Registrering av importør/distributør/produsent av kosmetikk og tatoveringsprodukter
Teneste for å registrere aktivitetar for import, distribusjon (grossist) eller produksjon av kosmetikk eller tatoveringsprodukt hos Mattilsynet.
Kosmetikk kan til dømes vere sminke, hudpleie, tannkrem, solkrem, hårfarge, kremar, tannbleiking eller såpe.
Når skal skjemaet brukast?
Skjemaet skal brukast når ei verksemd eller privatperson startar med eller endrar følgjande aktivitetar
- Produksjon av kosmetikk og kroppspleieprodukt
- Import av kosmetikk og kroppspleieprodukt frå land utanfor EU/EØS
- Innførsel av kosmetikk og kroppspleieprodukt frå EU/EØS for grossistomsetning
- Produksjon og/eller import av tatoveringsprodukt
Du treng ikkje å registrere deg dersom du berre driv detaljhandel direkte til forbrukar og ikkje utfører nokon av aktivitetane nemnt over.
Kven skal bruke skjemaet?
Driftsansvarleg (privatpersonar eller næringsdrivande) som driv aktivitet som utløyser meldeplikta.
Dette skjemaet er plassert i tilgangspakke “Namn på tilgangspakke”. Har du denne tilgangspakken frå før, så vil du også ha tilgang til dette skjemaet.
For å fylle ut og sende inn skjemaet for ein person eller verksemd/bedrift, må denne ha gitt deg fullmakt via Altinns tilgangsstyring. Sjå Altinn - Ny tilgangsstyring (beta).
Om du er dagleg leiar for føretak/undereining har du automatisk tilgang til å fylle ut og sende inn skjemaet. Privatpersonar har også automatisk rett til å representere seg sjølve på Altinn.
Dersom privatperson eller verksemd/bedrift ikkje ønskjer å gi ein person tilgang til alle skjema i ein tilgangspakke, så kan dei gi tilgang til skjemaet som ei enkeltteneste.
Kvifor skal skjemaet brukast?
Det er eit krav i regelverket at denne typen aktivitet skal vere registrert hos Mattilsynet.
Registreringa skal sikre at Mattilsynet har oversikt over aktørar på marknaden for å kunne gi informasjon, og gjennomføre nødvendige tilsyn med etterleving av regelverket.
Resultat av tilsyn gir ei oversikt over tilstanden av regelverksetterleving på marknaden. Det fortel oss også noko om korleis vi best kan rettleie i regelverket for å gjere det enklare å forstå.
Meir informasjon om krav som gjeld for deg som produserer eller importerer kosmetikk eller tatoveringsprodukt finn du her Registrering og melding | Mattilsynet
Generell informasjon og rettleiing om relevant regelverk finn du på nettsidene våre Kosmetikk og kroppspleieprodukter | Mattilsynet
Mattilsynet svarer på spørsmål knytta til utfylling av skjemaet:
E-post: postmottak@mattilsynet.no
Tlf: 22 40 00 00