Om denne tenesta

Før produkt skal på marknaden.

Verksemder eller personar som er ansvarlige for gjødselprodukt.

Frå 17. april 2013 er det rolla «Primærnæring og næringsmidler» som gir tilgang til Mattilsynets skjematenester. Brukarar som allereie har rolla «Mattilsynet skjematenester» vil ha tilgang til tenesta gjennom denne rolla fram til 1. oktober 2013.

For å ha tilgang til tenesta etter 1. oktober 2013 må du ha rolla «Primærnæring og næringsmidler», eller tilgang via lokal rolle eller enkeltrett.

For å sjekke om du har riktig rolle eller enkeltrett for ein aktør, kan du bruke sida Tilgangsstyring.

Om du ikkje har rolla, må du få noen som har ho til å  delegere ho til deg, eller gje deg rett via lokal rolle eller delegering av enkeltrettar.

Tenesta krev innlogging med ID-porten (tryggleiksnivå 3 eller høgare).

FOR 2003-07-04 nr 951: Forskrift om gjødselvarer mv. av organisk opphav, §11 

FOR 2003-07-04 nr 1063: Forskrift om handel med gjødsel og kalkingsmidler mv §5, Forskrift om gjødsel som markedsføres som EF-gjødsel, §6

Gjødselvarer som skal omsetjast må registrerast før dei blir marknadsført og selt.

I dette skjemaet skal gjødselvarane registrerast i følgjande kategoriar:

  • kalk
  • mineralgjødsel 
  • dyrkingsmedier/jordforbetringsmiddel
  • organisk gjødsel

Når skjemaet er sendt inn, vil verksemda som sender inn vere registrert som ansvarleg for produktet. Mattilsynet behandlar ikkje alle meldingane men gjer stikkprøvekontrollar av dei innsende meldingane. Det er verksemda sitt ansvar å sikra at produkta er i tråd med gjeldande reglar. Det kjem ikkje brev med stadfesting av registrering frå Mattilsynet, men det produserast eit dokument automatisk som ein kan finne på Mattilsynet sine skjematenester.

Tenesta krev at du nytter undereining til juridisk eining (bedriftsnummer). Undereining til juridisk eining får du fram ved å hake av i boksen for Vis også underenhet (bedrift) på sida for val av verksemd det skal rapporterast for.

Trenger du hjelp?

Mattilsynet svarer på spørsmål knyttet til utfylling av skjemaet:
postmottak@mattilsynet.no
tlf: 22 40 00 00

Åpne kontaktskjema