Ny lønnsnemning i a-meldinga for lønn til verje frå fylkesmannen

Frå i år kan du bruke lønnsnemninga loennTilVergeFraFylkesmannen når du rapporterer lønn til verjer/representantar i a-meldinga, dersom du ønskjer å rapportere lønn fortløpande.


Nyttar du den nye nemninga treng du ikkje vurdere om beløpet passerer grensa for opplysningsplikt på 6 000 kroner per person per år eller ikkje. Samtidig sikrar du at skatten til verja blir rett rekna ut.

Kva må du gjere?

Kontroller om du har betalt ut lønn til verjer/representantar i 2016.

  • Har du rapportert lønn til verje, og beløpet ikkje kjem til å overstige 6 000 kroner, må du korrigere. Det gjer du ved å nulle ut beløpet på den opphavlege lønnsnemninga, og rapportere beløpet på nytt med den nye lønnsnemninga. Du kan korrigere samla i ein kalendermånad.
  • Har du ikkje rapportert lønn til verje, og du er heilt sikker på at det samla beløpet for 2016 ikkje overstig 6 000 kroner, er det ikkje nødvendig å gjere noko.

Kven skal bruke lønnsnemninga?

Lønnsnemninga gjeld berre for fylkesmannen, og skal nyttast når fylkesmannen betaler lønn til personar som tek på seg verjeoppdrag etter verjemålslova, eller personar som er representantar for einslege mindreårige asylsøkjarar etter utlendingslova.

Lønnsnemninga gjeld utbetalingar som blir godtgjorde etter verjemålslova § 30 eller utlendingslova § 98f.

Når blir lønnsnemninga innført?

Lønnsnemninga er tilgjengeleg i august 2016, og ein kan nytte ho for  a-meldingar som gjeld frå og med januar 2016.

Meir informasjon om  verje og godtgjersle til verje finn du under Liknings-ABC.

Sjå òg ein nærare omtale i rettleiinga til a-ordninga etter sommaren.

Åpne kontaktskjema