Feriepengar – nokre tips til rapportering

Snart klar for feriepengar? Her er nokre ting å hugse på.


For 2016 kan du rapportere feriepengane på den same måten som du gjorde i 2015. Frå 2017 blir rapporteringa av feriepengar endra.

Feriepengar som skal rapporterast i a-ordninga skal omfatte samla feriepengar, uavhengig av om utrekninga er basert på prosentsats eller som eit ferietillegg til ordinær fastlønn.

Somme arbeidsgivarar avreknar alle feriepengane i ein månad og utfører eit trekk for lønn i ferien. Skal du betale ut feriepengar til nokon som har krav på ferie på 5 veker eller meir, kjem lønna i ferien til å overstige månadslønna. Delar av trekket for lønn i ferien må ein difor gjere i feriepengane. Somme arbeidsgivarar rapporterer trekket som overstig ei vanleg månadslønn som negativ fastlønn. Andre arbeidsgivarar rapporterer eit lågare beløp enn samla feriepengar, då trekket er trekt frå feriepengane før rapportering. For 2016 er det ikkje fastsett krav til korleis du rapporterer trekk for lønn i ferien.

Feriepengar til inntektsmottakar som har slutta
Skal du betale ut feriepengar til nokon som ikkje lenger er tilsett, og dermed ikkje har noko arbeidsforhold i verksemda? Inntektsmottakaren skal rapporterast inn med fødselsnummer og namn, men utan arbeidsforhold.

Direkte registrering i Altinn (A01): I feltet for arbeidsforhold kryssar du av for “Utan arbeidsforhold ved til dømes føderåd, RF-1199 m.m.”

Hugs at feriepengar skal rapporterast som trekkpliktige
Ved rapportering av feriepengar skal ein alltid oppgi ytinga som trekkpliktig. Dette gjeld sjølv om du ikkje skal gjennomføre forskotstrekk.

Melding om lønna arbeid i heimen (A04)
Feriepengar skal rapporterast saman med utbetalt lønn.

Forenkla a-melding for velgjerande eller allmennyttig organisasjon (A05)
Feriepengar skal rapporterast saman med utbetalt lønn.

Åpne kontaktskjema