Korleis skal tidlegare LTO-kode 401 rapporterast?


Tidlegare kode 401 er ikkje vidareført i a-ordninga. Berre godtgjersler til opphavsmann til åndsverk inngår i a-meldinga. Vederlag for tenester av teknisk, handverksmessig, juridisk eller rekneskapsmessig art eller ein annan art skal ein ikkje rapportere gjennom a-meldinga.

"Betaling til sjølvstendig næringsdrivande utan fast forretningsstad" omfattar vederlag for tenester av teknisk, handverksmessig, juridisk eller rekneskapsmessig art eller anna ar og skal innrapporterast separat frå a-ordninga. Desse opplysingane skal ein innrapportere via Altinn, anten ved å laste opp fil på skjema RF-1301 eller ved å registrere direkte på skjema RF-1321.

Skjemaet skal leverast årleg for alle utbetalingar det siste året. Endringa trer i kraft frå og med inntektsåret 2015, med første innrapportering i januar 2016.

Opphavsmann til åndsverk i a-meldinga: Honorar eller anna godtgjersle som er utbetalt til opphavsmann til åndsverk skal rapporterast i a-meldinga.

Les meir på Skatteetatens sider her.

Åpne kontaktskjema